Individnivå
Her finn du oversikt over metodar, rutinar og informasjon om korleis alle tilsette i Solund kommune jobbar med å oppdage og følgje opp barn og unge som av ulike årsaker treng hjelp. Det kan for eksempel vere utfordringar knytt til fysisk eller psykisk helse, utfordringar i barnehage- og skulemiljø, lærevanskar, språkutfordringar, familieforhold eller skulefråvær. Utfordringane kan vere medfødde, men kan også utvikle seg på grunn av faktorar i familien eller miljøet rundt.
Tilsette treng gode rutinar, verktøy og rett kompetanse for å oppdage og hjelpe barn og unge som treng det. I Solund kommune skal alle tilsette som møter barn, unge og familiar arbeide etter BTI - Betre Tverrfagleg innsats. Dette skal sikre heilskapleg og koordinert innsats og god samhandling mellom dei ulike tenestene.