Merk! Innhaldet på denne sida er under utvikling.

Tilbake

Barn som pårørande

Familielivet består av store og små hendingar som kan gjere barn og unge til pårørande på ulike måtar. Det kan skje noko akutt, eller situasjonen kan vere kronisk og ein del av kvardagen.

Barn og unge er pårørande når foreldre, søsken eller andre nære opplever helseproblem eller døyr. Helseproblem kan være psykisk sjukdom, avhengnad, alvorleg fysisk sjukdom, skade eller funksjonsnedsettingar. Når nokon i familien har helseproblemer, påverkar det barn og unge sine tankar, kjensler og kvardag. Då treng dei forståing og deltaking for å kunne oppleve tryggleik, tilhøyrsle og livsmeistring.

Helsepersonell har plikt til å ta hand om barn som er pårørande. (Jmf. Helsepersonellova § 10)

Ressursar og informasjon

Å kunne ivareta og snakke med barn som pårørande om situasjonen dei står i, vil kunne gje dei rom til å setje ord på, forstå, meistre og handtere det dei opplever. Nedanfor finn de lenkjer til ulike ressursar og informasjon om oppfølging og samtalar med barn som pårørande.