Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som en likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld hans eller hennar utfordring. Medverknad betyr i praksis å kunne vere med å påverke innhaldet i eigen livssituasjon, bli sett, høyrd, lytta til og ha høve til å påverke eigen kvardag.
Medverknad skjer i dei samanhengar der barn, unge og føresette er i dialog med fagpersonar om forhold knytt til eigne behov. For at medverknaden skal vere reell må den det gjeld vere informert om sine rettar. Barn og unge har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere barn og unge. Medverknad er ein lovfesta rett, og er dermed ikkje noko tenestene kan velge å forholde seg til eller ikkje.
Tilsette i Solund kommune nyttar BTI-handlingsrettleiar når ein arbeider med barn og unge som ein har ei bekymring eller uro for. Målet med rettleiaren er å kunne gi rett hjelp til rett tid og sikre foreldreinvolvering og barnet si stemme. Rettleiaren legg vekt på at dei kommunale tenestene skal samhandle både med barnet/ungdommen og føresette gjennom hjelpeprosessen, og at begge skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at bekymringa for barnet/ungdommen har oppstått. NB: Unntak ved mistanke om vald og overgrep, då kontaktar tenester barnevernet og/eller politi direkte.
Foreldreinvolvering inneber og at føresette på eige initiativ kan involvere kommunale tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.
Medverknad skjer systematisk gjennom:
- Utviklingssamtalar
- Elevsamtalar
- Barnesamtalar
- Helsesamtalar
- Samtale med helsesjukepleiar
- Samarbeidsmøte
- Nettverksmøte
- BTI-rettleiaren: sikrar tidleg involvering av barn/unge og foreldre i prosessen
- Elevråd
- Ungdomsråd
Barn og unge sin rett til medverknad
Barn har rett til å bli høyrd og seie si meining i alt som vedkjem dei, og deira meiningar skal tilleggast vekt. Ved handlingar og avgjersler som berører barn, skal barnets beste vere eit grunnleggende omsyn. Kva som er barnets beste i den enkelte sak, skal avgjerast etter ei konkret heilskapsvurdering. Dette følgjer av Grunnlova § 104, Barnelova § 31, FNs barnekonvensjon artikkel 3 og 12 og i fleire av velferdstenestelovene.
Retten til å bli høyrde betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta og uttale seg når noko skal bestemmast.
Samtykke og medbestemming
- Barn under 12 år: Føresette har samtykkekompetanse på vegne av barnet
- Barn mellom 12-16 år: Barnet/ungdommen si meining skal bli vektlagt. Barnet/ungdommen har samtykkekompetanse når det gjeld helsehjelp for forhold som føresette ikkje er informert om, og når tiltaket tilseier det
- Ungdom mellom 16 og 18 år: Ungdommen har rett til å samtykke sjølv
Barnelova § 31:
- Barn som er fylt 7 år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og høve til å seie meininga si før det blir tatt avgjersle om personlige forhold for barnet
- Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning
- Når barnet er fylt 12 år, skal det leggast stor vekt på kva barnet meiner
Opplæringslova § 24-5:
- Elevar som har fylt 15 år har sjølvråderett når det gjeld spørsmål knytt til opplæringa.
Barnevernslova § 1-4:
- Barn som er i stand til å danne eigne meiningar, har rett til å medverke i alle forhold som vedrører dei
- Barnet skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og har rett til fritt å gje uttrykk for meiningane sine. Barnet sine meiningar skal vektleggast i samsvar med alder og modning
- Barn har rett til å uttale seg til barnevernet uavhengig av foreldre sitt samtykke, og uten at foreldra blir informert om samtalen på førehand
Les meir om samtykke og medbestemming her: