BTI er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og foreldre det er knytta undring eller bekymring til. Hensikta med BTI-modellen er å kvalitetssikre ein heilskapleg og koordinert innsats, utan at det blir brot i oppfølginga. BTI bidrar til tidleg innsats, samordning og medverknad. BTI-modellen beskriv arbeidsprosessar og samhandling mellom tenestene, og viser veg frå bekymring til handling. Samhandlingmodellen har tre nivå: Individnivå, tenestenivå og kommunenivå
Tilsette som arbeider med barn, unge og familiar treng kunnskap om korleis ein skal gå fram når ein oppdagar at eit barn eller ein ungdom treng hjelp og/eller støtte. BTI-rettleiaren vår viser korleis tilsette skal gå fram i dette arbeidet. Link til BTI-rettleiaren finn du her: Solund – BTI – Betre samarbeid for barn og unge i Solund kommune