Barn, ungdom og familiar i Solund kommune skal oppleve eit godt tenestetilbod. Evaluering er eit viktig element i å bli betre til å oppdage, følgje opp og samarbeide om tenester til barn og unge.
Evaluering på dei ulike nivåa inkluderer; overordna system for kvalitet, avvik og forbetringsforslag (kommunenivå), evaluering av arbeidet i dei einskilde tenestene og av samarbeidet mellom tenestene (tenestenivå), samt å evaluere oppfølging av det einskilde barn/ungdom/familie (individnivå).
Evaluering på individnivå
Evaluering på individnivå handlar om å evaluere oppfølginga det einskilde barn, ungdom og familie får. Dette skjer på fleire måtar:
- Faste evalueringsmøte gjennom BTI-rettleiaren
- Nettverksmøte
- Utviklingssamtale på skulen
- Foreldresamtale i barnehagen
- Elevsamtale
- Barnesamtale
- Helsesamtale
- Samarbeidsmøte
- Koordinerande eining
Gjennom evaluering på individnivå vil kommunikasjonen mellom partane, og tilbakemeldingar frå brukar, gje eit grunnlag for vurdering av enkeltsaker – tilbod og tiltak til kvar enkel brukar, men og for vurdering kring praksis i tenesta som heilskap.