Kultursektoren har ei sentral rolle i arbeidet med utjamning av sosial ulikskap. Gjennom deltaking i kulturaktivitetar kan interesser utviklast og sosiale nettverk byggjast. Dette vil bidra til livsmeistring og styrke den enkelte til å leve eit godt og meiningsfullt liv. Alle barn treng å oppleve at dei er viktige og likeverdige med andre. Barn skal kunne delta i samfunnslivet på måtar som utviklar dei, og som styrkar opplevinga av å høyre til. Fritidsaktivitetar og kulturtilbod er ein viktig del av kvardagen til barn og kan styrke fellesskapskjensla og hindre utanforskap, samt bringe folk saman på tross av forskjellar.
FN sin barnekonvensjon er den første rettslege bindande menneskerettskonvensjonen som anerkjenner barn sin rett til å delta i fritidsaktivitetar.
Det er mange aktivitetar i Solund kommune. I Solund sin foreningsportal finn du oversikt over tilbod og foreningar i kommunen, samt ein aktivitetskalender der du kan sjå kva som skjer.
Fritidsfond og lokalt transporttilbod for ungdom
Fritidsfond:
Alle barn og unge har rett til å delta i leik, fritidsaktivitetar og kulturliv. Fritidsfondet bidreg til at fleire får delta. Dersom ein har utfordringar med økonomien, har ein mogelegheit til å nytte denne ordninga.
Frå Fritidsfondet kan du årleg søkje om å få dekka ulike utgifter til:
- Medlemskontingent
- Trenings- og aktivitetsavgift
- Kulturskuleavgift
- Lisensar
- Eigenandel for turar, treningsleirar, deltaking på stemne og cupar
m.m.
Fondet er til for barn og unge mellom 5 og t.o.m. 19 år, og for lag og organisasjonar som har lyst å arrangere gratisarrangement for aldersgruppa, eller søkje for andre.
Retningslinjer og elektronisk søknad finn du her.
Lokalt transporttilbod for ungdom:
Solund kommune har og ei ordning med lokalt transporttilbod for ungdom, med målsetjing om å gje ungdom i kommunen høve til å delta på fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveldstid. Les meir om denne ordninga her.
Ungdomsklubb
Ungdomsklubben er ein rusfri møteplass for unge i Solund som går på mellomtrinnet, ungdomsskulen og vidaregåande skule. Ungdomsklubben er kommunal, og det er ungdomskoordinatoren som har ansvaret for den daglege drifta. For tida har ungdomsklubben ope kvar tysdag i det nye skulebygget.
Kulturskulen
Kulturskulen i Solund er eit lovfesta kommunalt tilbod. Kulturskulen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstneriske uttrykk, i et trygt og godt skulemiljø.
Meir informasjon om Solund kulturskule, aktivitetstilbod og søknadsprosess finn du her