Merk! Innhaldet på denne sida er under utvikling.

Tilbake

Samhandling med barn og unge

For at utsette barn og unge skal kunne få den hjelpa dei treng er det viktig med eit godt tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike kommunale og interkommunale tenestene som arbeider med barn og unge i Solund.

I arbeid med barn og unge er samhandling og medverknad ein naturleg del av utforminga av det enkelte tilbodet. Samhandling med barn, unge og føresette inneber at tenesta og familien samarbeider og at tilbodet vert tilpassa barnet/ungdommen og familien ut frå deira behov.

Kvar enkel teneste har plikt til å vurdere om samarbeid er nødvendig for at barnet eller ungdommen skal få eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, jamfør rettleiaren «Samarbeid på individnivå». Kommunen har det overordna ansvaret for at velferdstenestene oppfyller samarbeidsplikta.

Samhandling barnehage, skule, helsestasjon

Foreldresamtale i barnehagen
Føresette får tilbod om samtalar barnehagen på hausten og våren. Her er det fokus på informasjonsutveksling og samarbeid om barnets trivsel og utvikling.

Utviklingssamtale i skulen
Føresette har minst to gongar i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlærar. Samtalen skal klargjere korleis elev, skule og føresette skal samarbeide om læring, trivsel og utvikling til eleven. Eleven er med på samtalane med føresette.

Samtale med helsesjukepleiar
Alle barn og unge får tilbod om helsesamtale på 1.trinn og 8.trinn. Helsesamtalen skal bidra til dialog om trivsel, vanar og val som påverkar helsa. Gjennom helsesamtalar kartleggast eventuelle behov, utfordringar og ressursar. Ved behov skal det tilbys oppfølgande samtalar, sørge for støttetilbod/tiltak, tilvise til kommunale psykiske helsetenester, vise til og gje nødvendig informasjon om hjelpetiltak frå andre instansar.

Spesialpedagogisk team i barnehage og skule

I dei fleste saker der ein er uroa for eit barn eller ein ungdom i barnehagen eller skulen er det spesialpedagogiske teamet første møtepunkt. Både barnehagen og skulen har eit spes.ped-team, der tilsette og spesialpedagog deltar. Slik kan ein drøfte saker som oppstår innad i eininga, tilsette kan rådføre seg, og ein kan setje inn interne tiltak i samråd/samarbeid med spesialpedagog. Vanlegvis er det pedagogisk leiar/kontaktlærar som melder inn ei sak til spes.ped-teamet.

Rettleiingsteam

I nokre saker er det naudsynt med tverrfagleg kompetanse. Dersom tiltaka ein kom fram til i spes.ped-teamet ikkje verka, kan ei sak verte teken opp i rettleiingsteamet, som er eit tverrfagleg team. Du kan lese meir om rettleingsteamet her. Føresette må samtykke til at ei sak kan takast opp i rettleiingsteamet.

Individuell plan (IP), koordinator/barnekoordinator

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd individuell plan (IP). IP er eit verktøy og ein strukturert samarbeidsprosess, med grunnlag i barnet/ungdommen/familien sine ynskjer, mål og moglegheiter. Les meir om individuell plan i nasjonal rettleiar. 

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre oppfølging og samordning av tenestetilbodet kring brukaren.

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator. Barnekoordinatorrolla er under utarbeiding i vår kommune.

Meir informasjon om koordinator/barnekoordinator og individuell plan finn du her

Visma flyt samspill og stafettlogg

Solund kommune nyttar Visma Flyt Samspill som felles digitalt verktøy for samhandling på individnivå.

Flyt Samspill er eit samhandlingverktøy for både

  • stafettlogg
  • individuell plan

Stafettlogg og individuell plan samlar informasjon, mål, tiltak og ansvar på ein plass, og sikrar reell medverknad. Fagpersonar som har ei rolle rundt eit barn/ungdom får invitasjon og tilgang til stafettloggen eller den individuelle planen etter samtykke frå føresette. Flyt Samspill blir nytta som verktøy i samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte, og sikrar systematikk i arbeidet med oppfølging og evaluering av tiltak og tenester.

Ein kan logge inn med sikker innlogging (BankID) som sikrar trygg behandling av personsensitiv informasjon. Her kan du logge på Visma Flyt Samspill.

Overgang barnehage-skule

Overgangen fra barnehage til skule er ein viktig prosess som krev samarbeid mellom barnehagen, skulen og foreldre/føresette for å sikre ein trygg og god start for barna. Både barnehagen og skulen har ansvar for å legge til rette for ein god overgang.

Solund kommune har ein eigen plan for overgang barnehage-skule, som sikrar systematisk arbeid med førebuing, trygging, informasjonsutveksling og samarbeid i overgangsfasen.