Kommune
Her finn du informasjon om kva planar, prioriteringar og rutinar Solund kommune har for arbeid med barn og unge. Planane skal støtte opp om tverrfagleg samarbeid og vise korleis arbeidet skal prioriterast over tid.
Du finn også overordna lovverk som legg føringar for arbeidet. Dette inkluderer den lovfesta retten til brukarmedverknad, og retten alle barn har til å seie meininga si og bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve.
I arbeidet med barn og unge, og i arbeidet med BTI, er det viktig at tilsette i kommunen gjer det vi har bestemt at vi skal. Kvalitet- og avvikssystemet er derfor eit sentralt verktøy. Her finn tilsette rutinar og prosedyrar, kan melde avvik og kome med forslag til forbetringar.