Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som har som mål å betre kvaliteten på tenestene ved at barn, unge og føresettefår reell moglegheit til å påverke val og utforming av tenestetilbodet. Det inneber at tilbodet så langt som råd vert utforma i samarbeid med den eller dei det gjeld, og at det vert lagt stor vekt på deira ønsker. Medverknad skal skje på alle nivå i samhandlingsmodellen.
På kommunalt nivå betyr medverknad at innbyggjarane i Solund skal ha høve til å medverke i utarbeiding av orverordna planar og prioriteringar i kommunen. Kommunen har eit særleg ansvar for å sikre reell medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge
Politiske råd og utval
Solund har to politiske råd som skal ta i vare interessene til særskilte grupper. Dette er Ungdomsrådet og Fellesråd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Plikten til å ha desse råda er heimla i forskrift om medvirkningsordninger. Råda har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld målgruppene dei representerer, og kommunestyret skal syte for at råda for uttale seg i aktuelle saker på eit så tidleg tidspunkt at dei har reell påverknad på kva utfallet av sakene blir. Uttalane som ungdomsrådet eller fellesråd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne kjem med, skal vere ein del av saksdokumenta til kommunestyret.
Ungdomsrådet
Ungdomsrådet har fem medlemmer, som vert valde for to år om gongen. I tillegg til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom, deler ungdomsrådet ut tilskotsmidlar til aktivitetar for barn og ungdom.
Fellesråd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne
Fellesråd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Det er 5 medlemmer i rådet, som er valde for fire år om gongen.
Du kan lese meir om kommunestyret, råd og utval på heimesida til Solund kommune : Politikk
Ungdataundersøkingar
Solund kommune har gjennomført ungdataundersøkingar. Kartlegginga og oppfølginga av denne er ein viktig medverknadsarena for barn og unge.