Merk! Innhaldet på denne sida er under utvikling.

Tilbake

Kommunale føringar

Kommunale styringsdokument legg føringar for tenestene i kommunen. Planane til kommunen vert baserte på regionale og lokale forhold, men vert samstundes styrte av statlege føringar.

Kommuneplanen

Kommuneplanen er eit overordna styringsdokument for Solund kommune. Den har difor påverknad på arbeidet med barn og unge. Kommuneplanen peikar ut retninga for kommunen som samfunnsplanleggar, utviklar og tenesteprodusent. Kommuneplanen har to delar:

Arealdelen legg føringar for bruken av arealet i heile kommunen

Samfunnsdelen fortel korleis kommunen skal løyse dei viktigaste oppgåvene, moglegheitene og utfordringane i eit langsiktig perspektiv. Desse strategiske vala legg føringar for utvikling i kommunen i åra framover. I samfunnsdelen finn vi mål og tiltak for korleis dei ulike tenesteområda skal arbeide.

Budsjett og økonomiplan

Budsjett og økonomiplan inneheld kommunen sitt årsbudsjett og økonomiplan, samt måla kommunen skal arbeida mot over ein fireårsperiode. Informasjon om budsjett og økonomiplanen finn du på heimesida til kommunen: Budsjett og økonomiplan

Kommunale planar og strategiar

Kommunedelplanar, temaplanar og strategiar er ulike verktøy som kommunen brukar i planlegging for å løyse oppgåvene som politikarane har avgjort skal løysast Du finn oversikt over planar og strategiar på heimesida til kommunen: Planar og strategiar

Sentrale planar i innsatsen for barn og unge

Plan for førebyggande arbeid for barn og unge 2024-2027

Dette er Solund kommune sin førebyggande plan for barn og unge, som vart vedteken av kommunestyret i februar 2024. Alle kommunar er pålagde å ha ein slik plan. Planen presenterer prioriterte tiltak i perioden. Samhandlingsmodellen her og BTI-rettleiaren byggjer på denne planen.

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2020-2025

Planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv handlar om korleis kommunen kan legge til rette for at alle innbyggjarar får høve til å vere aktive. Gode frititidstilbod er ein viktig del av eit godt oppvekstmiljø, og eit av måla i planen er førebyggande barne- og ungdomsarbeid.

Vald i nære relasjonar. Handlingsplan 2018-2022

Planen skal bidra til å førebyggje og avdekke vald i nære relasjonar, i alle aldersgrupper. Her finn ein også rutiner for korleis fleire av tenestene skal arbeide med dette temaet. Planen er under revidering.