Statlege føringar er ulike styringsdokument frå staten som legg føringar for korleis dei ulike tenestene skal arbeide i Solund kommune. Det kan vere lover, forskrifter, rettleiarar og retningslinjer for arbeidet vårt. Gjennom ulike reformer og rapportar peikar staten også på satsingsområde for arbeidet med barn og unge.
Nedanfor viser til til nokre av dei meste aktuelle statlege føringane for arbeidet med barn og unge.
Lover
Grunnlova § 104
Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.
Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.
Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helst i sin eigen familie.
Barnekonvensjonen – FNs konvensjon om barnerettane
Ein internasjonal avtale om rettane til alle barn. Konvensjonen gir alle barn og unge under 18 år rett til å ha ein trygg og god oppvekst, uansett kven dei er og kvar dei bur.
Barnelova – Lov om barn og foreldre
Lova inneheld viktige rettar for barn, t.d. retten til medverknad i saker som gjeld seg sjølv og retten til val av utdanning når barnet er fylt 15 år.
Helse- og omsorgstenestelova
Lova pålegg kommunane å tilby innbyggjarane ulike helse- og omsorgstenester, til dømes fastlege, legevakt, helsestasjon, skulehelseteneste, heimesjukepleie og sjukeheim. Lova stiller også krav til kva yrkesgrupper som skal arbeide i helse- og omsorgstenestene.
Pasient- og brukarrettigheitslova
Dette er ei rettigheitslov som skal sikre at dei som treng det får nødvendige helse- og omsorgstenester. I denne lova finn ein mellom anna retten til barnekoordinator og koordinator.
Opplæringslova
I opplæringslova finn ein rammene for grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring. Lova gjev mellom anna rett og plikt til grunnskuleopplæring for alle barn som er busette i Noreg i meir enn tre månader.
Barnehagelova
Barnehagesektoren i Noreg vert styrt av denne lova. Her står mellom anna kven som har rett til barnehageplass, og korleis barnehagane skal driftast.
Barnevernslova
Lova regulerer drifta av barnevernet. Ho forpliktar også kommunen til å samordne tenestetilbodet sitt til barn og familiar.
Sosialtenestelova
Kommunen har ansvar for sosialtenestene, noko denne lova slår fast. Lova skal mellom anna bidra til å betre sosiale og økonomiske levekår for vanskelegstilte, og barn og familiane deira skal få eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
NAV-lova
Denne lova skal mellom anna legge til rette for ei samordning mellom den statlege og kommunale delen av NAV.
Pyskisk helsevernlova
Formålet med lova er å sikre forsvarleg psykisk helsehjelp. Lova gjeld både for barn og vaksne.
Forvaltningslova
Alle kommunale tenester og dei fleste statlege tenester må følgje forvaltningslova i sakshandsaminga. Lova inneheld mellom anna krav til sakshandsaming når det skal gjerast eit enkeltvedtak etter andre lover.
Helsepersonellova
Formålet med lova å mellom anna å bidra til tryggleik for pasientar og kvalitet i helse- og omsorgstenestene. I denne lova er det fastsett ei plikt for helsepersonell til å bidra til å ivareta barn som er pårørande til pasientar.
Forskrifter
Ei forskrift er ei rettsleg bindande regulering som må ha heimel i lov. Det finst svært mange forskrifter, og nedanfor finn du nokre av dei meste sentrale i arbeidet med barn og unge.
Forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta
Forskrift om rammeplan for barnehagen
Læreplanverket i grunnskulen og vidaregåande opplæring
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator
Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar
Rettleiarar, retningslinjer og sentrale rundskriv
Samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira
Her vert samarbeidsplikten til alle tenester som møter barn, unge og familiar utdjupa og presisert. Desse tenestene har ein lovfesta plikt til å samarbeide både på systemnivå og i enkeltsaker. Samarbeidet på systemnivå skal legge til rette for eit godt samarbeid i enkeltsaker, slik at alle får den hjelpa dei treng. Samarbeidsplikta på systemnivå skal systematisk, det vil seie at kommunen må etablere gode rutinar og samarbeidsstrukturar. Alle dei ulike tenestene må kjenne til kvarandre og vite kva ansvar dei ulike tenestene har. Vidare vert mellom anna plikten til å samordne tenestetilbodet utdjupa. Det same gjeld retten til barnekoordinator og til individuell plan. Det kan du lese meir om her.
Tidlig oppdaging av utsette barn og unge
Desse retningslinjene peikar mellom anna på at kommunen bør sikre at tilsette som møter barn og unge har kunnskap om beskyttelses- og risikofaktorar og teikn som kan gje grunnlag for å oppdage utsette barn og unge. Vidare bør kommunen sikre at det finst rutinar for korleis tilsette skal handle når dei er bekymra for eit barn. BTI-rettleiaren er ein slik rutine. Kommunen bør og sjå til at det er samarbeidsavtalar mellom tenestene som møter barn og unge, både dei kommunale tenestene og andre tenester. Retningslinjene går også inn på kva kompetanse tilsette bør ha opp mot utsette barn og unge, mellom anna teikn og signal som kan gje grunn til bekymring. Tilsette bør også ha kompetanse i å snakke med barn og unge ein er bekymra for og ikkje minst bør dei handle når dei er bekymra for eit barn. BTI-modellen vert trekt fram som ein modell å jobbe etter for å oppnå dette.
Psykisk helsearbeid barn og unge
Hensikta med den nasjonale rettleiaren er å gje anbefalingar om korleis eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn og unge opp til 25 år, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling, kan oppnåast. Den er retta mot samarbeid på tvers av sektorar og nivå om barn og unges psykiske helse. Rettleiaren rettar seg særleg mot barnehage, skule, PPT, helsestasjon og skulehelseteneste, fastlegar, NAV og spesialisthelsetenesta. Rettleiaren seier mellom anna at kommunen skal syte for å ha tilgjengeleg ei tverrfagleg psykisk helseteneste som gjev tidleg hjelp til barn og unge med psykiske plager, byrjande rusmiddelproblem eller har reaksjonar på belastande hendingar i livet.
Andre viktige rettleiarar
Helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar
Rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator
Helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom
Barnevern og helse- og omsorgstenester – samarbeid til det beste for barnet
Oppfølging av personar med store og samansette behov
Helsetenester til asylsøkjarar, flyktningar og familiegjenforeinte
Kunnskapsgrunnlag, stortingsmeldingar og andre sentrale dokument
Dette er ein rapport frå eit utval som har gått gjennom alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsett for vald, seksuelle overgrep. Formålet med rapporten har vore å avdekka om, i kva grad og på kva måte det har skjedd svikt i det offentlege tenesteapparatet si handtering av sakene, og gje tilrådingar som kan bidra til å førebygge og hindre framtidige saker. Rapporten slår fast at det har vore omfattande svikt i hjelpetenestene.
Hvem skal jeg snakke med nå? Psykisk helsehjelp til barn og unge i kommunene
Barneombodet har undersøkt om barn som slit med psykiske helseplager god nok hjelp i kommunane, og om kva som skal til for at dei får hjelp. Gjennom undersøkinga har barneombodet besøkt og kartlagt seks kommunar i Noreg.
Det å reise vasker øynene. Gjennomgang av 106 barnevernsaker
Helsetilsynet har gjennomgått 106 barnevernsaker for å mellom anna sjå på kvaliteten i dei faglege vurderingar til barnevernet. Rapporten kan lesast som ei oppfølging av «Svikt og svik».
Kunnskapsgrunnlag – Metoder for tidlig identifisering av risiko hos barn og unge
Helsedirektoratet har laga eit kunnskapsgrunnlag der dei samanfattar kunnskap om teikn og signal hos barn som lever i ulike risikosituasjonar. Kunnskapsgrunnlaget innehalde mellom anna ei oversikt over risiko- og beskyttelsesfaktorar.
En psykisk helsetjeneste tilpasset barn og unges behov: Jeg skulle hatt BUP i en koffert
I denne rapporten har Barneombudet sett på utfordringar innan psykisk helsevern. Utfordringane dei finn dreiar seg både om vegen inn til BUP, om det som skjer når barnet/ungdommen er i behandling og om vegen ut av behandling.
Trøbbel i grenseflatene. Samordnet innsats for utsatte barn og unge
Korleis betre tverrsektorielt samarbeid og meir heilskapleg innsats overfor barn og unge kan fremjast. Rapporten er skrive på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet og 0-24-samarbeidet.
Prop 36 S (2023-2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner
Proposisjonen gir ei oversikt over hovedutfordringar og tiltak for å førebygge og bekjempe valden. Planen inneheld tiltak for å førebygge og avdekke vald og overgrep i større grad, gje betre oppfølging til valdsutsette, auke kompetansen, styrke samarbeidet mellom tenester og sektorar samt legge til rette for at vald og overgrep prioriterast høgre i heile straffekjeda. Stortinget handsama saka i 2024 og gav tilslutning til at opptrappingsplanen vert gjennomført.
Folkehelsemeldinga er regjeringa sin strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar. Psykisk helse og livskvalitet, og førebyggjande arbeid i helse- og omsorgstenestene er to av satsningsområda i strategien.
Meld. St. 23 (2022-2023) Opptrappingsplan for psykisk helse
Regjeringa sin innsats for heile det psykiske helsefeltet. Det er tre satsningsområde i planen: Helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid, gode tenester der folk bur og tilbod til personar med langvarige og samansette behov.