Merk! Innhaldet på denne sida er under utvikling.

Tilbake

Tverrfaglege møtearenaer

Tenesteområda for barn og unge i Solund kommune har tverrsektorielle møtepunkt der barn, unge og deira familiar står i fokus.

Det er viktig med god tverrsektoriell samhandling på eit overordna nivå for å gjere kommunen rusta til å gje barn og unge den hjelpa dei treng. Solund kommune har fleire faste møtepunkt der arbeidet med tidleg innsatsa, førebyggande arbeid og tverrfagleg samhandling vert forankra.

Tverrfagleg samarbeidsmøte

Tverrfagleg samarbeidsmøte vert halde tre gonger i året. Her deltek representantar for alle kommunale og interkommunale tenester som møter barn og unge eller foreldre. I tillegg deltek tannhelsetenesta, og politiet deltek på eitt møte i året. Dei tverrfaglege møta skal bidra til samhandling, kunnskapsdeling, kjennskap til kvarandre, forventningsavklaringar og forståing av korleis ein skal løyse oppgåver på tvers i Solund kommune. Møta er særleg viktige for å sikre god kontakt mellom dei kommunale tenestene i Solund og PPT, barnevernstenesta, tannhelsetenesta og politiet. Kommunalsjefane for helse og omsorg og oppvekst og kultur har det overordna ansvaret for gjennomføringa og oppfølginga av møta.

Tverrfagleg arbeidsgruppe for BTI

Her deltek barnehage, skule, kulturskule, helsestasjon/skulehelseteneste, fysioterapeut/ergoterapeut, kommunepsykolog, rus/psykiatri, ungdomskoordinator, NAV og flyktningkoordinator, i tillegg til kommunalsjef for helse og omsorg, kommunalsjef for oppvekst og kultur og BTI-koordinator. Kommunalsjefane og BTI-koordinator har ansvaret for gjennomføring og oppfølging av møta.

Arbeidsgruppa er navet i det konkrete arbeidet med tidleg innsats, førebyggande arbeid og tverrfagleg samhandling, og har mellom anna desse oppgåvene:

  • Utarbeide og evaluere felles rutinar for prosedyrar for samarbeid og samordning av tenester
  • Følgje opp, evaluere og revidere med plan for førebyggande arbeid
  • Avklare utfordringar og problemstillingar som krev samarbeid på tvers på systemnivå
  • Sikre at BTI-arbeidet vert følgt opp i alle tenester og einingar som møter barn, unge og foreldre
  • Samordne informasjon som skal ut på tvers av sektorane
  • Avklare felles prioriteringar, kompetanseheving, opplæring og koordinering av kurs/konferansar

Sektorvise leiarmøte

Både helse- og omsorgssektoren og sektor for oppvekst og kultur har faste leiarmøte. Her deltek einingsleiarane og kommunalsjefen.

Oppvekst- og kultursektoren har sine møte annankvar veke. Her deltek barnehagestyrar, rektor og kulturskulerektor, i tillegg til leiar for oppvekst og kultur. Oppvekstmiljøet i kommunen er fast sak på alle møte. I dette ligg mellom anna oppfølging av saker frå arbeidsgruppa for BTI, og andre førebyggjande tiltak. I tillegg vert møta brukt til intern koordinering i sektoren og til å avklare kva som eventuelt må koordinerast med andre sektorar.

Helse- og omsorgssektoren har møte ein gong i månaden. Her deltek fysioterapeut, ergoterapeut, lege, helsesekretær, helsesjukepleiar, sakshandsamar, leiar for heimetenesta/sjukeheim, leiar for kjøkken og reinhald, psykolog, leiar for psykisk helse og rus og leiar for helse og omsorg.  Fast på møta oppdatering frå dei ulike einingane på pågåande arbeid.

Fagrådsmøte i Ytre Sogn og -Sunnfjord PPT

Solund kommune deltek i vertskommunesamarbeidet Ytre Sogn og -Sunnfjord PPT. Dei andre kommunane som deltek i samarbeidet er Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Høyanger. Det er Fjaler som er vertskommune og har det administrative ansvaret for tenesta. For å sikre at drifta gagnar alle kommunane på ein god måte, har PPT eit fagråd der kommunalsjefane for oppvekst frå alle fem kommunane. Fagrådet har møte jamleg gjennom året, og skal mellom anna drøfte kompetanseoversikt og kompetanseplan for PPT, drøfte kva oppgåver PPT skal ta på seg utover dei lovpålagde og vurdere fagsamansetjinga for tenesta.

Nettverkssamarbeid for helse og oppvekst

Ein del oppgåver kan bli løyste betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå.

Solund kommune deltek i to ulike nettverk for oppvekst: HAFS oppvekstregion og fagnettverk for oppvekst i Region Fjordane. Region Fjordane er ein relativt nyoppretta region, der dei fleste av kommunane i gamle Sogn og Fjordane, bortsett frå indre Sogn, deltek.

HAFS oppvekstregion består av Hyllestad, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Solund kommunar. Hovudfokuset i regionen har vore felles satsingsområde og kompetanseheving for tilsette gjennom leiarsamlingar og fagdagar, i tillegg til samarbeid om gjennomføring av lokalgjeven eksamen. Regionen har faste møte gjennom året Leiarvervet i regionen går på rundgang, og for tida er det Solund kommune ved leiar for oppvekst og kultur som har leiarvervet.

Fagnettverk for oppvekst i Region Fjordane

Også i dette nettverket vert hovudfokuset felles satsingsområde og kompetanseheving for tilsette. I tillegg vert arbeid med rekruttering viktig, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Nettverket er framleis i ein oppstartsfase, men det er utarbeidd eit årshjul der også førebygging, samhandling og utanforskap er viktige tema i tillegg til kompetanseheving og rekruttering. Etter kvart vil mykje av arbeidet i HAFS oppvekstregion flyttast over til Region Fjordane.

Fjordane kommunalsjefnettverk for helse og omsorg

Fagnettverk for helse og omsorg i Region Fjordane. HAFS nettverket slo seg saman som region Fjordane hausten 2024 for å få eit større fagleg nettverk. Region fjordane er 11 kommunar med til saman 77 000 innbyggjarar og består av fleire bu og arbeidsregionar. Samarbeidet er både politisk og administrativt med eit felles mål om å være strategisk og framtidsretta. Det er fokus på verdiskaping, klima og miljø, sikre gode lokalsamfunn og markedsføre Fjordane som ein attraktiv bu, leve, arbeids og besøksregion.