Medverknad og involvering av barn, unge og føresette er ein viktig del av BTI-satsinga. På teneste/einingsnivå betyr medverknad at barn, unge og føresette er med på å påverke og utforme tenestetilbodet. Barn og unge har ein lovfesta rett til å medverke, og kommunen og tenestene har ei lovfesta plikt til å involvere den det gjeld.
I saker og handlingar som som vedgår barn og elevar skal barnet/eleven sitt beste vere eit grunnlaggende omsyn. For å ivareta barnets beste skal det vere faste råd og utval som sikrar medverknad og demokrati.
Medverknad på einingsnivå skjer gjennom:
- Elevråd i skulen
- Ungdomsråd
- Foreldreråd/FAU
- Samarbeidsutval
- Skulemiljøutval
- Foreldremøte
Systematiske undersøkingar :
- Elevundersøking i skulen
- Foreldreundersøking/brukarundersøking i barnehage og skule
- Ungdata-undersøking
Retten til medverknad for barn og unge
Retten til medverknad for barn og unge handlar om at dei har rett til å bli høyrde i alle spørsmål som gjeld dei sjølve. Meininga deira skal bli lagt vekt på etter alder og modning. Retten til medverknad er heimla i Barnekonvensjonen § 12 og i § 104 i grunnlova. Vidare er retten til medverknad òg teke inn i mange andre lover, til dømes barnehagelova, opplæringslova og pasient- og brukarrettigheitslova.
I praksis handlar medverknad om å påverke sin eigen livssituasjon, og å bli sett, høyrt og lytta til. Retten gjeld i alle situasjonar, både i heimen, i barnehagen, på skulen, i møte med andre kommunale tenester og på fritida.