Korleis kommunen oppnår rett og oppdatert kompetanse for dei oppgåvene som skal løyast, og for at innbyggarane skal få gode og heilskaplege tenester. Tilsette med rett kompetanse er grunnleggande for å levere gode tenester for alle innbyggjarar. Kompetanseheving er eit leiaransvar, og kvar eining skal ha ein kompetanseplan som sikrar rett kompetanse for oppgåvene som skal løysast. Kompetansehevinga skjer både i kvar enkelt eining, på felles fagdagar og på tverrfaglege møtearenaer.
Felles for alle tilsette som møter barn, unge og familiane deira
For å kunne oppdage og hjelpe barn, unge og familiar treng alle tilsette ein grunnleggande kompetanse. I Solund kommune skal alle tilsette som møter barn, unge og familiane deira ha kompetanse om:
- Identifisering av barn, unge, føresette og gravide som treng hjelp/støtte/oppfølging
- Å snakke med barn, ungdom, føresette og gravide om det som er vanskeleg/utfordrande
- Korleis førebygge, avdekke og avverge vald og overgrep mot barn og unge
- Korleis førebygge, avdekke og avverge omsorgssvikt
- Samhandlingsmodellen
- BTI-rettleiaren
Gjennom arbeidet med BTI er Solund kommune i gang med ein kompetanseplan som skal sikre at alle tilsette får denne kompetansen.
Førebygging av vald og overgrep
Alle tilsette i kommunale tenester som møter barn og unge skal ha kunnskap og kompetanse til å fange opp signal på at barn eller ungdom kan vere utsett for vald eller overgrep. Dei tilsette skal også ha kunnskap og tryggleik nok til å snakke med barnet om det dei ser, og kva dei er uroa for. Vidare skal dei tilsette vite korleis dei skal handtere slik informasjon, korleis dei skal ivareta barnet, og kven i kommunen dei skal kontakte om dei mistenkjer at barnet har blitt eller blir utsett for vald eller overgrep, og korleis dei skal reagere om dei har grunn til å tru at eit barn kan bli utsett for vald eller overgrep. Det er kommunen sitt ansvar å sørge for at alle tilsette som møter barn og unge har denne kompetansen.
Solund kommune deltek i nettverk for førebygging av vald og overgrep i regi av Statsforvaltaren i Vestland. Målet er å bli betre på å beskytte, og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller blir utsett for vald og overgrep. Arbeidsgruppa i Solund har ansvar for å revidere «Handlingsplan mot vald i nære relasjonar» og å gjennomføre opplæring for tilsette i kommunen.