Merk! Innhaldet på denne sida er under utvikling.

Tilbake

Tverrfagleg samhandling

Tverrfagleg samarbeid er avgjerande for å sikre eit heilskapleg og samordna tenestetilbod til barn og unge. Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing for kvarandre sine oppgåver. Tenestene blir også betre på å koordinera innsats og ansvar, slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande.

Handlingsrettleiaren set rammene for samarbeid og samordning av tenester, og er både ein struktur og ein rutine.

Samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira

Offentlege tenester har plikt til å samarbeide dersom det er nødvendig for å gje eit barn eller ein ungdom eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Helsedirektoratet presiserer at kravet om nødvendigheit ikkje skal tolkast strengt. Plikten til å samarbeide står i ulike verktøy, og tenestene som er omfatta av denne plikten er barnehagen, skulen, barnevernet, helsetenestene, tannhelsetenesta, spesialisthelsetenesta, familievernkontora, NAV, krisesenter og tenester som arbeider etter integreringslova. Når plikten til å samarbeide er utløyst, har kommunen ansvar for å samordne tenestetilbodet. Det inneber at kommunen skal sikre at det er samanheng i arbeidet til tenestene slik at barnet eller ungdomen får eit heilskapleg tilbod.

I BTI-rettleiaren slår plikten til samarbeid inn på nivå 2 og 3. For å sikre at plikten vert oppfylt heldt Solund kommune på med utarbeiding av ein rutine for dette.

Tverrfaglege møtearenaer

I Solund kommune er det etablert ulike møtestrukturar for samarbeid internt og på tvers av tenester. I alle saker er det viktig å setje inn rett tiltak til rett tid. Difor er ein avhengig av det tverrfaglege samarbeidet på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Møtestrukturane skal fremje tidleg innsats, godt samarbeid og samordning av tiltak, og dei er knytte opp til nivåa i BTI-rettleiaren.

Rettleiingsteam

I Solund har barnehagen og skulen eit felles rettleiingsteam. Teamet er etablert på nivå 1 i BTI-rettleiaren, det vil seie at innsatsen skal skje innanfor eiga eining i samarbeid med føresette og barnet/ungdommen.  Barnehagen og skulen, i tillegg til alle medlemmene i rettleiingsteamet, kan melde inn saker til møta. Den interne rutinen for rettleiingsteamet ligg i kvalitetssystemet. I alle individsaker som vert drøfta i rettleiingsteamet skal det vere innhenta samtykke frå føresette eller eleven sjølv, dersom vedkomande er fylt 15 år. Alle tilmeldingar til PPT skal diskuterast i rettleiingsteamet før tilmelding.

Møta i rettleiingsteamet vert haldne regelmessig gjennom året. Medlemmene i teamet er styrar, rektor, spesialpedagog, helsesjukepleiar, PPT og kommunepsykolog. Det er spesialpedagogen som har koordineringsansvaret for teamet, og som kallar inn til møte og set opp saklista. Pedagogisk leiar/kontaktlærar møter og legg fram saka dei har meldt inn.

Rettleiingsteamet skal:

  • Rettleie tilsette i individ- og systemsaker
  • Drøfte behov for kartlegging
  • Gje informasjon, råd og rettleiing og drøfte kva tiltak som kan setjast i verk
  • Følgje opp og vurdere tiltak som vert sett i verk

Konsultasjonsteam

Konsultasjonsteamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar. Tenesta er retta mot tilsette som er uroa for eit barn eller ungdom, og er usikker på om det kan ligge omsorgssvikt, vald, overgrep eller andre belastningar bak det ein ser. Det er låg terskel for å melde ei sak til drøfting. Ofte er det ikkje opplagt om eit barn vert utsett for vald eller overgrep. Mange barn viser dette indirekte – gjennom åtferd, relasjonelle- eller kjenslemessige uttrykk. Ein treng ikkje vere sikker på at det handlar om vald eller overgrep for å drøfte ei sak. I konsultasjonsteamet kan ein få rettleiing og konkrete råd frå fagpersonar frå kommunehelsetenesta, spesialpedagog, PPT, barnevern, BUP, politi og tannhelsetenesta. Teamet vil drøfte problemstillinga og kome med faglege vurderingar og innspel, der hensikta er å auke rådsøker si forståing og gje råd om god og riktig handsaming av saka vidare.
Alle som i si yrkesutøving kjem i kontakt med born og unge, kan kontakta konsultasjonsteamet. Teamet kan for eksempel vere aktuelt når ein ser barn eller ungdom som:
• Viser aggresjon, sterk sinneproblematikk eller utagering
• Er tilbaketrekt, engsteleg eller har vanskar med å delta sosialt
• Er overdrevent knytt, klamrande eller kontrollerande
• Unngår vaksne, toler lite nærleik eller kroppskontakt
• Er påfallande «vaksen» i veremåte; i uvanleg stor grad passar på eller hjelper til
• Har vanskeleg for å stole på vaksne eller blir fort fiendtleg
• Har sterke reaksjoner på tilbakemelding og krav
• Er overfølsam for sansemessige stimuli
• Har uforklarlege fysiske plager eller endring i funksjon (søvn, konsentrasjon, hygiene, matinntak, plutselege regresjonar som sengevæting)
• Fortel om uro heime, eller du fanger opp signal på kontroll, frykt eller lojalitetskonflikt
• Har gjentatte skader eller endring i stemningsleie utan tydeleg forklaring
• Ein rett og slett har ei magekjensle av at noko ikkje stemmer

Koordinerande eining

Kommunen skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabiliteringsverksemd, jamfør helse- og omsorgstenestalova § 7-3. Koordinerande eining har overordna ansvar for arbeid med individuell plan og oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator og barnekoordinator.

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd individuell plan (IP). IP er eit verktøy og ein strukturert samarbeidsprosess, med grunnlag i barnet/ungdommen/familien sine ynskjer, mål og moglegheiter. Les meir om individuell plan i nasjonal rettleiar. 

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre oppfølging og samordning av tenestetilbodet kring brukaren.

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator.

I Solund kommune består koordinerande eining av leiande helsesjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Du kan lese meir om koordinerande eining, individuell plan og koordinator/barnekoordinator i Solund kommune ved å trykke her.